– Vi starta i 1996, berre for moro skuld. Vi hadde ikkje mål og meining. Vi var berre ein gjeng som samla og leikte oss, seier Brautaset og legg til at det sidan har balla på seg.

– Desse 20 åra har vore som eit eventyr, seier han, og fortel at det har vore mange høgdepunkt.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

– Vi spelte på Spellemann i Spektrum, og har vore på store festivalar. Det er så mange høgdepunkt. Fulle hus, platesal og eit publikum som har følgt oss i mange år. Det har vore så bra, seier han.

Stor feiring

Og med så mange år med eventyr er det klart at ei feiring må til. 14. mai spelar dei jubileumskonsert i Kiwihallen. Og både Sunnmøre Baarelag og Ole Ivars skal vere med på feiringa.

– Det er veldig bra at vi har fått med oss desse. Det blir variert musikk, alt frå blues, rock, fest-country og danseband. Ole Ivars får nok verkeleg opp stemninga, og Baarelaget sørgjar nok for litt publikum. Det var ei slik samansetjing vi hadde håpt på, fortel Brautaset og lover at feiringa blir storslått.

– No satsar vi på ei skikkeleg feiring. Kanskje blir det fyrverkeri. Vi er jo nøydd til å gjere det litt spesielt. Det blir familiekonsert for ungar, og vi skal utan tvil legge litt ekstra i det. Det er variert publikum, med både nye og gamle. Vi skal gjere det vi kan for å få ein skikkeleg festfylt kveld.

Ørsta så klart

At gutane i bandet ville ha feiringa i Ørsta var det ikkje i tvil om. Det er der dei høyrer til, og der dei starta.

– Då er det på sin plass å legge det til Ørsta. Vi har lyst til å feire 20 fantastiske år saman med heimepublikumet. Vi har aldri vore i tvil om korleis vi ville feire, det måtte bli i Ørsta, seier han og legg til at arrangørane er svært positive til arrangementet. Kiwihallen tek intent mindre enn 2.000 menneske.

– Vi og arrangørane både trur og håpar at vi skal klare å fylle hallen. Arrangørane er utruleg positive. Dette blir nok eit høgdepunkt dette også. Vi gleder oss til det som utan tvil blir ei storslått feiring, lovar Brautaset.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Vassendgutane: Frå venstre: Kjell Rune Klubbenes, Kyrre Grimstad, Sindre Aam, Arthur Johan Bjørdal, Rune Brautaset og Arne Moe. Foto: Nils Harald Ånstad