Turneen startar i Hareid Kyrkje den 13. februar, før dei reiser vidare til Spjelkavik Kyrkje dagen etter.

Messing og trommer blir kombinert med ein meir eksotisk klang når gjengen frå Langevågen tek med seg musikken heim att til Sunnmøre.

I fleire år har nemleg The Brazz Brothers, også kjend som The BB, turnert over heile verda. Dette ber den nye musikken deira store preg av.

Når ensemblet no skal spele kyrkjekonsert, møter den norske musikken rytmar frå både Afrika, Sør-Amerika og Amerika.