Festivalen finn stad i den vesle og veglause bygda Trandal i Hjørundfjorden 1. og 2. juli.
Her blir det musikk frå to scener, og arrangørane legg til at dei har fleire artistar i ermet som dei vil presentere seinare.
Amerikanske Cris Thomas King var ein av hovudaktørane i filmen «O Brother, Where Art Thou», danske Thorbjørn Risager har turnert i meir enn 20 land og halde over 800 konsertar dei siste 13 åra.
Christina L. Skjølberg er frå Smøla og har kome som ein frisk vind inn i bluesmiljøet, medan Adam Douglas er kjend som solist i Woodleg Odd.