- Vi har allereie måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag. Vi treng ikkje nokre nye dagar! Eg kjenner eg blir eiiiiitrande forbanna allereie, seier ferjematrosen.

Når vi ringer er det eigentleg for å snakke litt om mor til  «Kjellen», som vi til no ikkje kan hugse å ha høyrt noko om. Forsøket på å innynde oss med «bak ein kvar suksessfull mann står ei sterk kvinne?» funkar ikkje. «Kjellen» vil ikkje snakke om mor si og feiringa, han vi snakke om ekskonene.

Om dyre gåver og kyssetrut

For det er fleire, visstnok.

- Tre stykkjer. Ho eine bur eg framleis saman med. Ja, litt av og på. Og så er det tre-fire ungar, kanskje fem. Og minst sju barnebarn, fortel han.

Og det er her grunnen til mykje av raseriet til «Kjellen» ligg. Denne gongen.

- For ikkje berre skal desse eksane ha morsdagsgåve. Sidan det også er valentinsdag skal dei pikade ha nok ein presang! Eigentleg hadde eg gløymt heile greia, men då eg var på Amfi for å kjøpe fiskekake bugna det jo av blomster, og eg kom ut med eit heilt gartneri. Vi snakkar store utgifter her. Store!

- Kor store, då?

- 30.000. Minst! Og når eg kjem og skal levere står dei der med kyssetrut. Men eg orkar ikkje noko klining! Og ikkje er eg interessert i å lage middag til dei heller. Det er ikkje min jobb. Det her endar fort med svidde panne og øydelagte hus. Skal vi øydelegge alt, berre for ein dag? spør han.

Kulturnyheiter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følgje smp-kultur på Facebook

Sol ute...

Og når «Kjellen» først har kome i gang, er han mest ikkje til å stoppe.

- Eg har forresten sakna sol lenge. Det gjer eg ikkje meir, faktisk er eg dritlei av sol etter ein dag! For då eg kom ned i føremiddag peika ekskjerring - altså ho eg bur litt saman med, på vindauga og sa at dei var så skitne. Så vart det masing om at eg skulle vaske dei. Og då eg gjekk ein liten tur ut, trur du ikkje det var skaresnø?! Eg enda opp med å dette og bløytte alt. Når eg tok meg for med hendene skrubba eg meg opp. Det har vore ein forferdeleg dag. Høyrer du? Forferdeleg!

Og det kan vi love: Vi høyrde det. Lenge etterpå.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook