Andrea Hånes losa publikum gjennom Ungdommens kulturmønstring på Bygdaheim i Midsund laurdag.

Med 46 påmelde er arrangørane godt nøgd med årets show.

– Det var mange påmelde, sjølv om det ikkje var nokon rekord, fortel Håvard Bjørnerem. Av dei påmelde var det mykje song og musikk på scena, men publikum fekk også sjå talentshow med forviklingar, eit eigeprodusert skodespel framført av Ina Marie Risvik (13), Lars Hansen (16), Oda Blø (13) og Siv Marlinn Berg (13), samt to dansenummer. I tillegg til å vere arrangør deltok også Bjørnerem (19) med ein film han kalla «The Vine», og på kunstutstillinga var det både akrylmåling, teikningar og kunstverk laga i model paste å sjå.