Den tradisjonsrike Sul opp-revyen har i mange år vore ei årleg oppsummering av korleis ståda er. Først og fremst i Langevåg og på Sula, men også i Ålesund, på Sunnmøre, og ja, i heile verda. Slik blir revyen også i år.

– Sul opp-revyen har alltid med ultralokalt innhald, men publikum vil nok kjenne igjen nyhender både frå inn- og utland, seier Astrid Overaa, som for første gong er regissør for revyen.

Velsmurt

Årets revy har fått namnet «Fortsetter festen», utan at det eigentleg fortel så mykje.

– Det er mest fordi heile prosjektet er ein fest. Dessutan rimar festen på 2016, ler revysjef Elisabeth Øien.Men om namnet er litt tilfeldig er det lite anna som er det i revyensemblet.

– Det som overraska meg mest då eg blei kjend med denne gjengen er at dei har eit utruleg godt organisasjonsapparat. Her skjer ingenting på slump, alt er på stell. Og alle både får og tar sine roller, utan diskusjon. Eg har aldri sett eit så velsmurt apparat rundt ein amatørrevy før, skryt Overaa.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Tre generasjonar

Grunnen til at organiseringa er bra, er kanskje at revyen har sterke tradisjonar bak seg. I Friheim kulturhus har det vore revy kvart einaste år sidan 1993. Tidspunktet er alltid palmehelga.

– Revyen er ein av dei største kulturelle hendingane i Langevåg i løpet av året. Også i år reknar vi med å selje 640 billettar fordelt på fire framsyningar, fortel Øien.

Ho seier at 25 til 30 personar er i sving i og rundt scena. I tillegg er korpset gode hjelparar under framsyningane.

– Her er vi tre generasjonar i sving, det er ganske unikt.

Snill revy

To av dei som har vore med lenge er Trude Tryggestad og Jarle Jensen. Begge elskar både førebuingane og sjølve framsyningane.

– Det er moro, vi har det kjekt, slår Jarle fast, som er med på revyen for 20. gong.

Trude har vore med 15 gonger før. I år også som ein del av tekstforfattargruppa.

– Vi håpar publikum får ei grei oppsummering av kva som har skjedd i bygda det siste året.

– Kjem det stikk til nokon?

– Nei, vi er ein snill revy, så ingen stikk. Berre litt pirk, ler Trude.

Les flere kulturnyheter

<strong>Med innslag frå verda:</strong> Sul opp-revyen er både lokal, nasjonal og internasjonal. Her er nokre kinesarar i sving. Frå venstre: Bjørn Helge Raknes, Asbjørn Tryggestad, Kristoffer Øien Fiksdal og Bjørn Kristian Eikrem. Foto: Nils Harald Ånstad