I helga var det UKM i Sogn og Fjordane, der 250 ungdomar frå heile fylket deltok i Førdehuset. Der har vore sceneframsyningar, utstilling, workshops og konsert på Skywalken i Førde sentrum.

Indigo Child er vidare med den sjølvlaga låten «House of the hill». Gruppa er frå Eid. Medlemmane er Johan Espelund (17 år) piano, Karl Oskar Nyberg (17 år) synthtromme, Maren Holmgren (19 år) vokal, Martha Pavelich (16 år) vokal/keyboard og Sunniva Honningsvåg (17 år) vokal.

Høgt nivå på deltakarane

UKM i Sogn og Fjordane har hatt rundt 800 deltakarar på dei lokale mønstringane i kommunane. UKM er ein møteplass for ung kultur og er ikkje ein konkurranse i utgangspunktet. Dei beste blir likevel valt ut til å representere fylket i den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim.

– Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1500, stadfestar dette inntrykket, seier Matias Helgheim i ei pressemelding.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Juryen har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve med å kåre representantane frå Sogn og Fjordane. Juryen er sett saman av juryleiar Ingebjørg Nomeland, jury for sceneinnslag Anders Alvaro Nydal, Bjørn Berge og Ola Weel Skram, jury for utstilling Astrid Wittersø og Gregory Idehen.

I tillegg til Indigo Child er desse sceneinnslaga vidare:

  • Sofia Hyttedalen (15 år), vokal og playbackspor for den sjølvlaga låten «Lack of», frå Gloppen.

  • TJ Hamre med «Broken hands», frå Sogndal. Tarjei Hamre (18 år), vokal.

  • Håvard Endal Husevåg (17 år) vokal og piano med den sjølvlaga låten «Well chosen words», frå Gloppen.

  • Daphnie & Maja med Gloomy Sunday/Here, frå Fjaler. Daphnie Knoll (17 år) vokal og piano, og Maja Horvath (17 år) vokal og fiolin

Desse er vidare i kunst:

  • «Dykk», akvarell på papir, Ingrid Bolstad (15 år) frå Førde.

  • «Kattens univers», teikning, Anaís Stølen(16 år) frå Gulen.

  • «Løvetann», foto, Tormod Midtbø (18 år) frå Gloppen.

  • «Kjole», kjole i resirkulert plast, Margit Brooks (13 år) og Synne Bentås (13 år) frå Lærdal

UKM-festivalen er i Trondheim 24. – 28. juni.

Kulturnyheiter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følgje smp-kultur på Facebook.