Tuuli Hietanen (18) frå Volda spelar klarinett i Ungdomssymfoniorkesteret til kulturskulane i Ørsta og Volda. Ho synest det er ganske annleis å spele i orkester enn å spele åleine.

– Å vere del av ei så stor gruppe musikantar som skaper noko stort og flott saman, det er ei fin kjensle, synest ho. Hietanen starta å spele saksofon i heimlandet Finland, men så flytta familien til Norge og ho fekk sjå filmen ORPS.

– Då berre måtte eg bytte instrument til klarinett, ler 18-åringen. Mildrid Runde (16) frå Ørsta er samd med klarinettisten, det er noko spesielt med det å spele i orkester.

– Det er kjekt å spele saman med andre ungdommar, synest Runde, som bles tonar i ein eufonium.

Prosjekt

Ungdomssymfoniorkesteret har rundt 50 medlemmer. Dei fleste er frå Volda og Ørsta, men her er også med ungdommar frå ytre Søre Sunnmøre. I tillegg har orkesteret nokre vaksne medlemmer. Ein kan vere med ungdomssymfonien frå sjuande klasse, og orkesteret består i hovudsak av kulturskuleelevar og ungdommar som går på vidaregåande skule.

– Dei siste seks åra har orkesteret vore prosjektbasert. Det vil seie at orkesteret har fem øvingar, ei øvingshelg og ei konserthelg i løpet av semesteret. Det har fungert svært godt og medlemstalet har vore stabilt desse seks åra, forklarer kulturskulerektor i Ørsta, Brynhild Barstad.

Både ho og kulturskulerektor Einar Opsvik i Volda, er med som støttespelarar på øvingane. Opsvik spelar obo i orkesteret.

– Fordi det ikkje er orkesterøving så ofte, så vert det øvd mykje på orkestermateriale i speletimane på kulturskulen. Dermed stiller orkestermedlemmene godt budde på øving, seier Opsvik.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ny dirigent

Sverre Sørdal, opphavleg frå Kvamsøya, busett i Ørsta, tok til å dirigere ungdomssymfonien i fjor haust. Den tidlegare Lånekassen-sjefen i Ørsta har lang erfaring som dirigent, i hovudsak for korps.

– Begge døtrene mine har vore med i ungdomssymfoniorkesteret, eg har vore med litt sjølv, og eg har vore med på fleire orkesterturar. Men det var Knut Ose (tidlegare dirigent) og Axel Farstad (tidlegare kulturskulerektor i Volda) som overtydde meg om å ta over dirigentstokken, fortel Sørdal. Dirigenten synest det er svært kjekt å halde på med musikk, spesielt med så entusiastiske ungdommar og vaksne som det er i orkesteret.

Fellesskap

– Det er viktig for unge musikantar å få vere del av eit større musikkfellesskap. Og nokre av medlemmene i orkesteret er svært gode og overtydande i det dei gjer, seier Sørdal.

Laurdag 23. april skal Ungdomssymfoniorkesteret halde konsert i Propellhallen kulturarena i Volda, saman med lokale musikarar frå Ørsta og Volda. Dagen etter, søndag 24. april, vert det konsert med orkesteret og Bergsøy skulekorps i Fosnavåg konserthus.

– Vi gler oss til begge konsertane, men å spele i industrihallen Propellhallen i Volda, det vert spektakulært, trur kulturskulerektor Einar Opsvik.

Les fleire kulturnyheiter her