I helga blei det arrangert korpskonkurranse i eit samarbeid mellom Tomra Ørskogfestivalen og NMF Nordvest. I den anledning blei det også for fyrste gong eit eiga opplegg for aspirantane som var for unge til å delta i sjølve konkurransen.

– Vi har laga eit aspirantkorps, kor vi har blanda aspirantane frå forskjellige korps. Målet vårt har vore å få til eit så høgt musikalsk nivå som mogleg på dei to timane vi har øvd i lag, fortel dirigent i aspirantkorpset, Julianne Hauge som fekk seg eit skikkeleg sjokk da ho fekk vite kor mange som ville vere med i korpset.

– Vi forventa rundt 20 stykk. Så ringde telefonen, og eg fekk beskjed om at eg kunne ta med meg nokon instruktørar, for over 100 stykk hadde meldt seg på, fortel ho og legg til at ho er svært imponert over det ungane fekk til på den korte tida.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Spennande

For dei tre aspirantane, Bendik Hide Bjørstad (8), Jørgen Kravik (9) og Ask Nyland Bergby frå Larsgården skulekorps, vart laurdag ein spennande dag, då dei for fyrste gong deltok på eit slik arrangement.

– Vi er jo ikkje gamle nok til å delta på konkurransen, så da synst vi det var veldig kjekt at vi likevel fekk vere her å spele med aspirantkorpset, seier dei og legg til at det å spele i korps ikkje berre er lett.

– Sjølv om det har vore veldig kjekt, så blei fire timar med øving litt mykje. Vi får vondt i munnen fordi vi heile tida må ha bollekinn, fortel gutane som alle spelar kornett. Etter ein lang dag med øving var det tanken på å spele konsert som motiverte dei.

– Vi prøvde å tenke på at snart skulle vi spele konsert framfor mange, og det blei jo kjempekjekt, seier dei etter konserten. Dei synst det var heilt supert at det dei fekk ta del i ei slik korps-helg saman med dei eldre, og håpar at dette er noko arrangørane vil fortsette med.

Resultatliste Nordvesten Møre og Romsdal 2016

Janitsjar 1. divisjon:

1. Kvam og Sellanrå Skolekorps  90 poeng

2. Langmyra Skolemusikkorps  88 poeng

3. Vestnes Skolekorps 85 poeng

Janitsjar 2. divisjon:

1. Stordal Skulekorps  93 poeng

2. Harøy Skulekorps 92 poeng

3. Solevåg Skulekorps  88 poeng

4. Hatlehol Skolekorps 86 poeng

Janitsjar 3. divisjon

1. Ulsteinvik Skulekorps  90 poeng

2. Daugstad/Vike Skulekorps 89 poeng

3. Larsgården Skolekorps  88 poeng

4. Hareid Skulekorps og Bigset Skulekorps  86 poeng

5. Lerstad Skolekorps 84 poeng

Brass 3. divisjon:

1. Gursken Skulekorps 88 poeng

2. Straumsnes Skolekorps 87 poeng

3. Sunnylven Skulekorps 86 poeng

4. Skodje Skulekorps 84 poeng

5.Frei Skolekorps 83 poeng

Brass 2. divisjon:

1. Ørskog Skulekorps  86 poeng

Brass 1. divisjon:

1. Tomrefjord Skolekorps  86 poeng

Tilleggsprisar:

Beste solist: Kornett, Ingrid Hollingen Westad, Langmyra Skolemusikkorps

Beste instrumentalgruppe: Kornettgruppe, Ulsteinvik Skulekorps

Beste framføring av norsk musikkstykke: Kvam og Sellanrå sk. korps, Molde Canticle

Beste framføring av enkeltstykke:  A River’s Fury!, Stordal Skulekorps

Beste konsertprogram:  Larsgården Skolekorps

Janitsjar 2. divisjon:

1. Tresfjord Janitsjar 93 poeng

2. Vestnes Musikkorps  92  poeng

3. Vatne/Stordal Hornmusikklag   91 poeng

4. Valldal Hornmusikklag  87 poeng

5. Nørvøy Ungdomskorps  86 poeng

Solistpris: Tresfjord Janitsjar, 1. fløyte og bassklarinett

Generasjonskorps:

1. Eidsdal Musikkorps  89 poeng

2. Fiksdal / Rekdal Janitsjar  87 poeng

Solistpris: Eidsdal Musikkorps, 1. kornett

Brass 2. divisjon

1. Fræna Brass Band 94 poeng

2. Harøy Musikklag 91 poeng

3. Herøy Brass 90 poeng

Solistpris: Fræna Brass Band, Basstrombone

Brass 1. divisjon

1. Ørskog Brass 96 poeng

2. Tomra Brass Band 95 poeng

Solistpris: Tomra Brass Band, Solohorn