– Brattvåg er på veg til å gjere det godt nasjonalt, seier Ingrid Sofie Nygaard. Ho er dagleg leiar i Noregs musikkorpsforbund Nordvest.

Sjå resultatlistene her (ekstern side)

Brattvåg gjekk til topps i fleire klasser: Drilldans tropp junior, drilldans tropp senior, drilldans duett senior og drilldans solo senior.

Ingrid Sofie Nygaard.

Nygaard ser at drillmiljøet er i vekst både i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane.

– Drill er veldig populært for tida. I år var det 119 deltakarar, meir enn dobbelt så mange som vanleg, seier ho.

Lavterskel-arena

Drilljentene får prøve seg tidlegare enn før. Ein lavterskel-arena som Nordvesten ser ho som veldig positivt for utøvarane.

Drilltroppen til Brattvåg skulekorps under Nordvesten Sogn og Fjordane i helga. Foto: Privat

– Troppane er flinkare til å sjå kvar enkelt utøver, og sende dei til Nordvesten. Dette er ein lavterskel-konkurranse der dei får utfalde seg tidleg. Og så er det blitt mange bra trenarar, meiner Nygaard.

Ei av yngste deltakarane frå Nordfjord skulekorps, Sara Torheim Frislid (13), utmerka seg ved å få meir enn 60 poeng. Det hadde kvalifisert til NM dersom konkurransen hadde hatt NM-kvalik.

Nygaard framhevar at drill er allsidig trening i tillegg til å vere sosialt.