Ein remix av ei av Vassendgutane sine største hits får no nytt liv på strøymetenesta Spotify. The Cigarillos heiter artisten som har laga låta som enkelt og greitt har fått namnet «Granada Remix», skriv Møre-Nytt.

Dei siste dagane har låta teke heilt av og var tysdag føremiddag spelt av nær 80.000 gonger.

– Planen var å lage ein låt som nådde ut til mange og vart hørt. Vassendgutane var eit enkelt val, fordi dei er lokale, enkle å få kontakt med og er det største countrybandet i Noreg, seier artisten som ønskjer å vere anonym, til lokalavisa.

Låta «Granada» er mellom dei største suksessene til Vassendgutane, men The Cigarillos ønskja å lage den meir dansbar.

Høyr låta under