Juryen omtalar TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten som ein kunnskapsbasert kranglefant, og skriv i pressemeldinga at han er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han utfordrar det politisk korrekte og stiller spørsmål ved etablerte sanningar.

– Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn - og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen om arbeidet til.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Ørstingen seier han ikkje hadde rekna med å få ein slik pris.

– Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Hustad i pressemeldinga.

Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta  24. juni. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Les meir om nynorskprisen på heimesidene til nynorsk mediesenter (ekstern lenke)