Den 7. april vart det gjort kjent at Storfjordens venner vann EU sin Kulturarvpris, Europa Nostra-prisen, i kategorien «særskilde prestasjonar». Det for sitt bevaringsarbeid av kulturlandskap og eldre arkitektur.

Tysdag kveld vart dei heidra for arbeidet sitt under ein prisseremoni i Teatro de la Zarzuela i Madrid.

– Kjell Løseth tok imot Storfjordens Venner sin pris, fortel nestleiar Bjørn Steinar Skarbø.

Løseth er leiar av foreninga.

At dei fekk pris gjorde at dei også vart nominert i andre kategoriar. Det er i alt 28 prisvinnarar, og åtte av desse får ein av hovudprisane.

– Vi nådde dessverre ikkje opp i konkurransen om dei sju hovudprisane eller publikumsprisen, seier Skarbø, som likevel har all grunn til å vere nøgd.

Les leiar 8. april: Europa Nostra til Storfjordens Venner (krev abonnement)