Fjord Cadenza lanserte fredag årets program. Festivalkomponist blir Magnar Åm.

Vidare skal Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen setje sitt preg på festivalen også i år.

Frode Alnæs, som ein av landets beste gitaristar og låtskrivarar, skal også få utfalde seg, saman med orkesteret, Kaunas City Symphony Orchestra.

Grieg

Ein verdskjend spansk pianist er ifølgje kunstnarisk leiar Rune Bergmann eit kupp for festivalen. Pianisten skal mellom anna framføre Griegs a-moll-konsert.

– Vi har verkelig gjort eit kupp når vi i år har fått den verdskjende spanske pianisten Joaquín Achúcarro til å vitje festivalen. Achúcarro er ein etterkomar etter Edvard Grieg, og vil ha hovudvekt på Grieg, seier Bergmann i ei pressemelding.

– Vi er stolte og glade for at årets program verkeleg vitjar om høg kvalitet, samtidig som vi har fått til ei spennande breidde som vil gje noko for ein kvar smak for publikum, seier den kunstneriske leiaren.