Per i dag finst det rundt 7000 språk i verda, men den store majoriteten blir berre snakka av eit fåtal menneske, nokre har kun eit tosifra tal brukarar. Utviklinga er at dei store språka tek over som morsmål for mange av desse små språka. Då må ein spørje seg, kor viktig er eigentleg morsmålet? Kva går tapt når vi misser desse språka?

Alle språk har eigne uttrykksmåtar, lydar og ordforråd. Dette gjer at i kunsten, og då spesielt litteraturen, vil sjølv den beste omsettinga ikkje klare å uttrykkje det same som originalen, i alle fall ikkje på same måte. Det vil vere eit stort tap for kunsten å miste eit språk, og det gjeld ikkje berre i litteraturen, men også i t.d. musikk og drama. Kva ville vel reggae vert utan jamaikansk-engelsk? Og kva hadde skjedd om Rammstein brukte franske tekstar?Det kunne utan tvil vore interessant å høyre, men det hadde definitivt blitt noko heilt anna.

Samtidig vil mange innvende at det er upraktisk å ha så mange språk, det er betre om alle snakkar same språk, så kan ein enkelt forstå kvarandre. Medan det definitivt stemmer at det å snakke eit felles språk er ein stor praktisk fordel, er det ikkje nødvendigvis slik at morsmålet må vere felles. Det kan vere vel så bra, eller kanskje endå betre å ha eit felles andrespråk, så lenge ein snakkar det flytande. Faktisk har det blitt påvist at det å kunne fleire språk hjelper for hukommelsen, konsentrasjonen, og generell forståing i tillegg til at det gjer det lettare å lære fleire språk. Og om ikkje det er nok, kan det òg utsette starten på demens.

Det bør òg nemnast at fordi språk er så forskjellige, er det visse ting som ikkje er så lette å uttrykkje på nokre språk som andre. Gjennom kunnskap om og tilgang til fleire språk kan det bli enklare å ha presise distinksjonar og definisjonar. Eit døme som varierer mykje frå språk til språk er farge. På japansk ser dei t.d. på lyseblå (vassfarge) som ein annan farge enn blå, medan vi ser på dei som ulike nyansar av same farge. På same måte er det mange språk som ikkje skil strengt mellom rosa og raud. Grammatiske former er eit anna døme. På spansk er det t.d. ein skilnad mellom handlingar som vart gjort på eit bestemt, avgrensa tidspunkt og handlingar som føregjekk over lengre tid (enkelt forklart). Vi kan lære mykje av andre språk nettopp fordi dei har slike distinksjonar som vi ikkje har, og nokre av dei kan vise seg å vere svært nyttige.

I alle tider har det vert eit mykje diskutert spørsmål om språket påverkar tenkemåten vår og i så fall på kva måte. Karl den Store skal ha sagt at «Å snakke eit anna språk er å ha ei andre sjel», og mykje nyare forsking tyder på at han har eit poeng. Måten eit fenomen blir beskrive i eit språk kan truleg ha stor tyding for korleis ein oppfattar fenomenet. T.d. har det vist seg at talarar av språk som ikkje har ord for høgre og venstre, men kun orienterer seg etter himmelretningane, har langt betre retningssans. Tid kan òg oppfattast noko forskjellig, t.d. ser Aymara-folket i Sør-Amerika på fortida som noko som ligg framfor oss og framtida som noko som ligg bak oss. Det har òg vist seg at språk kan vere med på å bestemme kva vi verdset og kva eigenskapar vi tillegg noko. Kva kjønn ein bøyer ord i kan t.d. vere med på å skape ei oppfatning av om dette er feminint eller maskulint, t.d. om ei bru er sterk eller vakker. Også viktigare haldningar blir påverka av språk, t.d. kva som gir positive eller negative assosiasjonar.

Det er med andre ord mange grunnar til å ta vare på språka, også dei små. Det er naturlegvis umogleg å hindre at nokre språk vil døy ut til fordel for andre, men eg trur det er viktig å sjå verdien av kvart einaste språk og prøve å bevare flest mogleg. Dette treng ikkje å gå ut over forståing og kommunikasjon, men kan kanskje føre til meir kunnskap og forståing om vi utnyttar det mangfaldet vi har. I tillegg gir det fleire moglegheiter innan kunst og kan gi fleire perspektiv og syn på ulike fenomen. Lat oss difor bevare den språklege rikdommen vi er så heldig å ha.