Det førebelse publikumstalet for Dei nynorske festspela i helga som var, er 5375, og billettsalet er om lag som budsjettert. Publikummarane hadde 55 arrangement å velje mellom, og mest folk trekte konserten med Ingebjørg Bratland fredag kveld.

Morsmål

Tema i år var morsmål, og Dei nynorske festspela opna med eit nynorsk dikt på arabisk, og vart avslutta med musikk som bryt ned språkgrenser.

Variert

I ei pressemelding fortel festspeldiktar Ruth Lillegraven at ho kjem til å minnast Dei nynorske festspela 2016 med stor glede og takksemd.

– Det har vore spennande, varierte og givande dagar som festspeldiktar. Ikkje minst var det fint å kunne formidle litteratur til alt frå små born til godt vaksne, seier ho. Den nye satsinga Festsprell for born vart godt motteken, heiter det i pressemeldinga.