I fjor selde det sunnmørske blandakoret, SKRUK, ut Molde domkyrkje tre gonger i løpet av Moldejazz. Den gong var det saman med Okland Interfaith Gospel Choir dei opptredde.

I år er dei nok ein gong tilbake i Molde, men denne gongen er det visegruppa Vårsøg og Henning Sommerro frå Skei i Surnadal, dei skal opptre med. Saman møter desse folkesongaren Sondre Bratland til konsert i domkyrkja.

Reunion

– Vi syns jo det er litt artig med ein slik reunion, fortalde Henning Sommerro til Sunnmørsposten tidlegare i år.

– I tillegg får vi med oss to nye musikarar, vi må jo fornye oss litt også, sa han.

Det nye prosjektet dei no skal i gang med har fått undertittelen «Hymner frå vest – salmar og songar vi gjerne høyrer ein gong til».

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

Gleder seg

Den vil gå føre seg tidleg same dag som den fyrste planlagde konserten, 22. juli. Den andre konserten blir 21. juli.

– Det er noko spesielt med SKRUK og Moldejazz, skreiv festivalsjef Hans-Olav Solli i pressemeldinga som kunngjorde den tredje konserten.

Ytre Suløen

I tillegg skal også Ytre Suløens Jass-ensemble frå Langevåg nok ein gong spele på festivalen.

– Og Ytre Suløen sel som vanleg bra, seier Solli om bandet. Dei har haldt det gåande i 40 år, og har noregsrekord for flest framføringar på Moldejazz. For mange er deira miks av tradisjonell New Orleans-jazz og meir kontemporære komposisjonar ein gjengangar dei må få med seg under festivalen.

Og da er det heldig at dei skal spele heile seks konsertar.

Les fleire kulturnyheiter her