Forventingane var skyhøge før Elton Johns konsert i Ålesund torsdag. Heilt sidan hans første opptreden i USA, for om lag 45 år sidan, har det blitt snakka om kor karismatisk og underhaldande han er på scena. Med showet han leverte på Color Line stadion beviste han at stadig veit å trollbinde publikum.

Standarden vart satt allereie i opningsnummeret «Funeral For A Friend/Love Lies Bleeding». Både Elton og bandet virka skjerpa, forventingsfulle og glade for å vere tilbake på scena. Slik glede smittar. Når bandet så gjekk over i «The Bitch is Back» var feststemninga sikra.

Samtidig vart ikkje alle songane like godt formidla. Eltons vokal drukna fleire gonger i mylderet av instrument på scena, til og med ein gitarsolo forsvann på eitt tidspunkt. Dette baud likevel ikkje på store nedturar, og om éin song vart litt skuffande framført, var neste song meir enn god nok til å vege opp for det.

Medan publikum uttrykte mest begeistring for dei største hitsa, var det dei minst kjende songane som heldt høgast musikalsk kvalitet. «Have Mercy on the Criminal» var aldri ein singel og har knapt vorte spelt live sidan han vart utgitt i 1973, men på Color Line stadion var han eitt av høgdepunkta. Med Eltons bedande, mørke vokal og ein intens, sylskarp gitarsolo frå Davey Johnstone skapte denne klassikaren ei heilt spesiell stemning.

Eit anna høgdepunkt var «Rocket Man», som heilt klart var ein heimefavoritt i Ålesund. Her stemte alt; Eltons vokal var klokkeklar, harmoniane var feilfrie, og ein langvarig pianosolo på slutten av songen er med på å gjere dette til ein av dei aller beste framføringane som nokon gong har blitt gjort av denne klassikaren.

Eitt sakn sitt eg att med, og kanskje er eg åleine om akkurat dette: Veldig få av Eltons nyaste songar kom seg med på setlista. Når ein gir ut eit album med songar som virkar spesialskrive for liveframføringar, skulle ein tru at fleire enn tre av desse songane vart utnytta. I staden fekk vi servert ei velkjend kavalkade av «Greatest Hits», med nokre fine overraskingar her og der. Personleg syns eg det hadde vore kjekt om «Wonderful Crazy Night»-turneen hadde inneheldt litt meir av nettopp «Wonderful Crazy Night».

Alt i alt var dette likevel ein fantastisk konsert på alle vis. Her var rom for både feststemning, med allsong og dansing, og rolege parti, med songar som treff ein rett i hjartet. Med «Crocodile Rock» som siste ekstranummer sikra også Elton at folk forlot konserten i kjempehumør. Trondheim har mykje å glede seg til når dei no får ha Elton hos seg to kveldar på rad.

Hva synes du om konserten? Bruk kommentarfeltet