– Musikkfestivalen er blitt større og proffare for kvart år, og er eigentleg ein brei festival musikalsk sett, men vi held på intimkonsertane for at publikum skal få kome tett på musikken og musikarane. Og for å skape musikalske koplingar mellom lokale og profesjonelle tilreisande aktørar. Vi har stor tru på slike musikalske møte.

Det seier jazzbassistane Audun Ellingsen og Torkjell Hovland som er på plass i Ørsta for gjere klart til årets Sommarljom som startar 27. juli. Opningskonserten onsdag kveld er lagt til eit naust i Bogafjøra ved Ose Camping.

– I fjor hadde vi jam for artistane her. Det var ei flott musikalsk oppleving, med utsikt mot Ørstafjorden og Saudehornet, som vi i år vil dele med fleire, fortel Torkjell Hovland.Ørsta kyrkje og kunsthuset i bygda blir og konsertlokale. I eit tomt butikklokale i Vikegata blir det arrangert gratis musikkverkstad for born.

Skape liv

Det er fem år sidan Ellingsen og operasongar Karen Rosenberg Olsen starta opp musikkfestivalen, for skape litt liv og røre i ei sommarstille heimbygd.

No har alle dei tre utflytta ørstingane, som anten studerer musikk eller jobbar som profesjonelle musikarar, brukt nettverket sitt til å trekkje musikarar av nasjonalt og internasjonalt format til Ørsta.

– Under kvar av dei fire konsertane får publikum oppleve ulike artistar og musikksjangrar. Når konsertane er over håper vi at folk har høyrt musikk dei allereie likar godt, men også oppdaga musikk dei ikkje har høyrt før, seier Audun Ellingsen.

– Sjølv gler eg meg til å bli overraska over sjangerblandingar, seier jazzbassisten som mellom andre trekkjer fram Erlend Viken Trio som blandar rock, fele- og folkemusikk.

Nye talent

Sommarljom har tradisjon for å trekkje fram lokale talent. I år er det songaren Nora Aurdal frå Volda, og bandet Underetasjen som alle er elevar på musikklina ved Volda vidaregåande skule.

– Noko av tanken med Sommarljom er å la lokale artistar spele saman med proffe musikarar til felles inspirasjon. Under konserten i Ørsta kyrkje blir Nora Aurdal akkompagnert av pianisten til Beady Belle, Anders Aarum, fortel arrangørane.

Eit anna eksempel på nytt musikalsk møte blir mellom singer/songwriter Egil Olsen og gitarist Marius Graff.

<strong>Deltek:</strong> Den Londonbaserte duoen BirdWorld, med cellist Gregor Riddell og perkusjonist Adam Teixeira kjem til Ørsta for å spele på festivalen.
<strong>Deltek:</strong> Beady Belle ,med voldingen Beate Slettevoll Lech, avsluttar årest Sommarljom.
<strong>Deltek:</strong> Trommis Henrik Lødøenmed bandet Les Casanovas held konsert i Ørsta kunsthus.