Fredag 16. september arrangerast det konsert på Folkestad kulturhus. I år er det Odd Nordstoga som skal stå på scena i kulturhuset. Det kjem fram i ei pressemelding frå arrangørane, Oddemann og Roy-Arne Folkestad. Dei trur det kjem til å bli ein minneverdig konsert.

Store namn

Tidlegare har Jan Eggum, Ole Paus, Benny Borg, Olav Stedje og Jo Nesbø stått på den same scenen og arrangørane trur på fulle hus.

– Vi ser ingen grunn til at det ikkje skal bli nok ein festkveld i Folkestadbygda. Vi presenterer ein solokonsert med Odd Nordstoga, full av kjende låtar. Ein musikalsk kvalitetskveld for folk i alle aldrar, skrive Folkestad-brørne i pressemeldinga.