– Eg må bli flinkare til å skaffe midlar i forkant av festivalen slik at vi kan satse meir. Interessa har vore overveldande og eg har trua på at det kan bli ein etablert festival, seier Endre Ruset.

Det var han som starta Storfjordord i 2013 og som er festivalarrangør, eller som han sjølv likar å kalle det, festivalpresident.

– Det høyrast akkurat passe pompøst ut, meiner han.

Stort program

Tredje gong: Endre Ruset arrangerer Storfjordord for tredje gong 6. august.

Storfjordord går føre seg i Fredheim Ungdomshus i Fjørå og i år er det eitt stort og variert program for laurdagen. Arne Ruset, far til Endre, skal lansere si nye bok, «Vi kan ikkje eige kvarandre, dikt i utval 1973-2015».

I tillegg kjem forfattarar som Bjørn Vatne, Joakim Kjørsvik og Jon Ståle Ritland. Karin Augusta Nogva skal vere med i barneprogrammet med framsyninga Harlekins farfar. Dessutan skal Liv Randi Bjørlykke lansere ny bok og Stian Omenås står for den musikalske biten.

Det skjer-kalenderen: Få med deg alt som skjer på Nordvestlandet

Dugnad

Trass det store programmet, meiner Ruset at det har gått ganske greitt å arrangere Storfjordord i år.

– Det heile er i stor grad basert på dugnad og eg har opplevd at alle har vore utruleg flinke til å stille opp. Både lokale og dei som kjem langvegsfrå. Fleire av forfattarane har også tatt med utstyr som trengst. Folk seier ja og vil hjelpe til, seier han.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Nervar

No byrjar ting å bli klart, men litt nervar har festivalpresidenten likevel.

– Eg kjenner litt på nervane no. Eg er spent på om publikum meiner dei får ei god oppleving, seier Ruset om det han meiner er eit variert program med ei rar blanding av inntrykk.

– Festivalen har ei god blanding av lokale og folk som kjem langvegsfrå. Det blir ei rar blanding av uttrykk og ulike sjangrar, så eg er spent på reaksjonen til publikum. Ruset seier at dei også har satsa meir på barneprogrammet i år.

– Eg er spent på om det fell i smak hos barna. Og så har vi sjølvsagt det faste innslaget med poesibilen, som skal stå parkert utanfor ungdomshuset, legg han til.