– Dette var over all forventing. Det kom veldig mykje folk, og det var veldig vellykka. Det var overraskande, og mot alle odds, med ei av dei verste uvêrshelgene som har vore i sommar.

Slik oppsummerer Sivert Bjørdal helga og Trandal Countryfestival, som blei avslutta i går.

Stort trekkplaster frå USA

Det største trekkplasteret denne helga var nok Stella Parton frå USA. Bjørdal fortel at dei er veldig stolt over å ha fått ho til vesle Trandal.

– Stella Parton var fantastisk. Ho har ei fantastisk personlegheit og utstråling, og er så hyggeleg og nede-på-jorda som det går an, seier Bjørdal, som er mediakontakt for medarrangørane.

Ifølgje Bjørdal står ikkje Parton noko tilbake frå den kanskje meir kjende søstra si – Dolly Parton.

– Ho køyrer sin eigen stil, og er ikkje nokon kopi av søstra på nokon måte, seier han.

– Flott og minnerikt

Parton kom direkte frå å ha spelt på Silkeborg i Danmark, ein av dei største countryfestivalane i Skandinavia. I helga skal ho ha budd i suiten på Sagafjord Hotel på Sæbø – med utsikt innover mot Slogen og Sunnmørsalpane.

Det har ikkje lyktes Smp.no å kome i kontakt med Parton i ettermiddag, men Bjørdal fortel at det verka som country-stjerna var godt nøgd med opphaldet.

– Ho synst det var fantastisk, og ein fin stad. Ho kom før konserten, og så var ho med på avslutninga og ekstranummeret på slutten, der vi hadde samla alle artistane på scena, seier han.

– Det var flott og minnerikt. Vi er veldig stolte av å ha hatt ho her ute på Trandal.

God stemning trass uvêr

Festivalen langs det vesle fjordstrekket i Hjørundfjorden gjekk av stabelen første gong i 2011, og feira dermed 5-årsjubileum denne helga.

Ifølgje Trandal er det første gong det var styggevêr.

– Det var ei av dei dårlegste helgene i heile sommar, og det pissregna heile tida, både fredag og laurdag, seier Bjørdal.

Det la likevel ikkje nokon dempar på stemninga, forsikrar han.

– Vi hadde jo ein seglduk vi drog over scena og dansegolvområde, så det var ei del moglegheiter til å vere innandørs, seier Bjørdal.

Lokalt engasjement

Dei har enno ikkje fått talt opp kor mange besøkande dei hadde, men Bjørdal fortel at det var noko mindre besøkande enn vanleg på fredag, medan laurdag hadde mange fleire enn venta.

Skyssbåtar var leigd inn, mange kom i privatbåtar, og det var fleire som låg i telt.

– Eg føler vi fekk berre velord. Publikum er så takksame for det vi gjer. Men vi har også mange å takke, som hjelper oss, med vakthald, ryddehjelp og kjøkkenhjelp.

Artistane og backingband er no sendt vel over fjorden og på veg heim. No er det ein del ryddearbeid som står att.

I dag vakna vi til dét flotte vêret her, når vi skal til å rydde. Det er no greitt, det, meiner Bjørdal, som fortel at det grovste blei rydda allereie i natt, etter konsertane var ferdige.

– No er det mest å få pakka ned det utstyret som er att. August er jo ganske mørk, så vi måtte ha ein del lys for å gjere det triveleg for folk, så det må vi få ned.

Her opptrer Sivert Bjørdal sjølv, under festivalen i 2013. Han var også å finne på artistlista i år. Foto: Trandal Countryfestival
Countrystjerna Stella Parton frå USA spelte på Trandal Countryfestival i går. Foto: Promo