– Eg gir ikkje opp hjartebarnet mitt, men eg treng eit års pause for å samle nye krefter og motivasjon til å drive Bakketunet vidare.

Det seier eigaren Marita Bett Aakre som gradvis har restaurert og jobba opp det verna gardstunet til å bli eit populært besøkstun. Sommaren 2010 opna ho Bakketunet for besøkjande, og sidan då har ho arrangert skiftande kunst- og kulturarrangement i dei ulike husa der tømmeret i dei eldste er frå 1549.

– Det er tungt å ta avgjerda om denne pausen, for eg føler sterkt for både å ta vare på tunet som har vore slekta mi i generasjonar, og å føre vidare kulturarven som ligg i dette eldste gardstunet på Sunnmøre. Men etter kvart er det blitt for mykje arbeid for meg. Og for døtrene mine. Vi har stått på kvar einaste helg dei siste somrane, og no treng vi pause for å gjere noko anna alle tre, seier ho.

- Kall i livet

I morgon er det siste søndagen Bakketunet er ope for publikum denne sesongen. Då inviterer Kari Ryslett frå Høgskulen i Volda til safting på dugnad, og i kammerset viser Beate Morg sine bringesmykke. Så startar Marita Bett Aakre jobben med å rydde opp og stenge av tunet, og pakke tinga sine for å flytte til Ålesund.

– Eg har eit kall i livet, og det er å måle. Det har eg følt på sidan eg småjente, men arbeidet med Bakketunet har gjort at målinga dei siste åra er sett på vent. Men no har eg bestemt meg for å byrje å måle igjen. Og det kjennest godt, seier 39-åringen som rakk å skaffe seg lærarutdanning mellomfag i kunst- og Handverk ved Høgskulen i Volda, eit år ved Ålesund Kunstfagskole og drift av Galleri Bjørk i Ørsta før arbeidsoppgåver på Bjørke greip henne.

Atelier i Molovegen

No har Marita Bett Aakre leigd seg leilegheit i Ålesund sentrum og atelier i lokalet til Ingrids Glassverksted i Molovegen.

– Planen er å kombinere målinga med jobben som frilans kunstformidlar ved Jugendstilenteret og Kube, fortel ho og avslører at ho har tankar om å jobbe fram ein måleriserie om jugendstilen.

God sesong

Talet på besøkjande ved Bakketunet har auka gradvis år for år med ein topp i 2014. Då var rundt 2.500 personar innom tunet.

– I år har litt færre vore på besøk. Med skuleklasser, ulike grupper og personar som har kome til hit på søndagane ligg besøkstalet på vel 2.000. Det er eg absolutt nøgd med, seier ho.

– Veit du når du kjem til opne Bakketunet for publikum att?

– Sjølv om eg tek eit års pause, så kjem det til å skje ting i Bakketunet. Mellom anna skal sauefjøsen settast i stand for å bli lokale for kunst- og handverksformidling. Og det kan tenkjast at eg når våren kjem får lyst og energi til å arrangere ei kunstutstilling eller noko anna givande i tunet, seier Aakre.

– Men eg kjem ikkje til å halde Bakketunet ope kvar søndag med nye utstillingar og kulturarrangement gjennom heile sommaren. Slik blir det ikkje, seier tuneigaren som no skal konsentrere seg om lerret, fargar og penslar.

<strong>Verna:</strong> Bakketunet på Bjørke er det eldste gardstunet på Sunnmøre. Tømmer i dei eldste husa er frå 1549.