– Det er framleis nokre utgiftspostar som ikkje er på plass, men dei fleste har vi oversikt over, seier dagleg leiar for den klassiske festivalen, Hallgeir Øvrebust.

– På utgiftssida er reise- og opphaldsutgiftene dei tyngste postane i rekneskapen. Det kostar når bortimot 70 musikarar og artistar vitjar festivalen i fire-fem dagar. I tillegg kjem honorarer, seier Øvrebust.

– Fjord Cadenza er eit stort dugnadsprosjekt, der musikalsk leiing, styre, administrasjon og frillige jobbar gratis. I tillegg stiller amatørar utan honorar, mens dei profesjonelle utøvarane er svært rause og stiller til langt under kostpris, berre drivne av rein entusiasme. Som den kjende pianisten Joaquin Achucarro.

Med ei verdsstjerne i løa: Pianist Joaquin Achucarro på Fjord Cadenza

– I 2015 makta ein å snu underskotet frå 2014, og i 2016 vil vi kunne styrke eigenkapitalen ytterlegare, sjølv om det er marginale summar det er snakk om, seier Øvrebust.