Det seier mediestudent Marianne Lunheim (20) frå Høgskulen i Volda.

Ho har akkurat vore tilhøyrar på førsteamanuensis Ellen Lexerød Hovlid si førelesing om juridiske grenser på sosiale media, ei førelesing i samband med Forskingsdagane i Volda.

Og det var altså deling av bilete på sosiale media som var temaet. Konklusjonen til Hovlid er at det nok blir synda ein del på å innhente løyve frå den som er avbilda, eller foreldra deira, om det er mindreårige som er på biletet.

Meir frå forskingsdagane: – Risikoleik gir meistring

Noko vi har lært på skulen

Også elevar frå Volda vidaregåande skule var inviterte. Ein av dei var Ruben Ulfstein (17).

– Eg var klar over ein god del av desse reglane, det er noko vi har lært på skulen. Etter mitt syn gjev det meining at det skal vere strengt å dele bilete, seier Ulfstein.

Førsteamanuensis: Ellen Lexerød Hovlid har ein doktorgrad i temaet «Vern av privatlivets fred» – med særleg fokus på kjende personars vern mot offentleggjering av private forhold.

Ellen Lexerød Hovlid legg til at det kan verke som ungdomen er vel så informerte om lovverket som dei vaksne.

Iallfall er Datatilsynet uroa over alle bileta som foreldre legg ut av borna sine. Først etter at ein blir 18 år kan ein ta kontroll over bileta.

– I prinsippet betyr det at born er rettslause overfor foreldra på dette feltet fram til dei fyller 18, noko Norge har fått internasjonal kritikk for, seier Hovlid.

– Rett nok har Datatilsynet fått heimel til å gripe inn, men det skjer berre i dei mest graverande tilfella, legg ho til.

Dei som er på biletet skal gje sitt samtykke

Under førelesinga lista Hovlid opp dagens lovverk. Det seier at som hovudregel skal dei som er på biletet gje sitt samtykke før det blir delt på sosiale media, også på lukka grupper.

Unntaka er mellom anna oversiktsbilete, eller når biletet har aktuell og ålmenn interesse, som media ofte nyttar seg av.

Riset bak spegelen er bøter eller fengselsstraff – eller sivile søksmål med saftige erstatningskrav. Ellen Lexerød Hovlid viste til fleire slike døme.