Inspirert av Italia og Spania skal lokal mat koplast saman med reiselivsprodukt i Møre og Romsdal.

Ein ny rapport løftar fram ball og bacalao som eksempel på rettar mange i fylket ser på som «våre». Dette er rettar som vi også kan tilby turistane, meiner Dag Jørund Lønning og Johan Barstad, som har utarbeidd ein rapport på oppdrag frå fylket.

Fekk hakeslepp

Dei fortel om hakeslepp då dei besøkte enkelte hotell på Nordvestlandet. På det dei omtaler som eit kjedehotell ved eit stort vatn i ei dalbygd, spurde dei om øl frå eit av dei lokale bryggeria.

"Yes, we have local beer. We have Hansa", skal dama bak disken ha svart.

- Kvifor dei same standardiserte produkta over alt, spør Lønning og Barstad. Dei to jobbar ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Du kan laste ned rapporten her (ekstern side)

Kva matrettar meiner du kan gjere Møre og Romsdal til matregion? Bruk kommentarfeltet under.