Her har han også med seg Trygve Waldemar Fiske på kontrabass og Hayden Powell på trompet. Reinlund sjølv trakterer flygel, for utan vokal.
Fredag spelar han i Spjelkavik kyrkje, som ein del av Kulturdagane.
Laurdag er det konsert i Fosnavåg konserthus.
Få oversikt i Det Skjer-kalenderen her
Ole Reinlund er busett på Valderøya. Han har gitt ut fire CD-album pluss to EP-produksjonar med eigne viser. På konsertane i helga vil han spele låtar frå alle album, pluss nokre nye komposisjonar.