I år også, sjølv om Hødd rykka ned. Og då vert kanskje ikkje salet spesielt bra denne hausten?

– Eg gjer ikkje dette for å tene pengar. Eg tener ingenting, dette er reint dugnadsarbeid for meg. Dei fyrste årbøkene hadde mjuk perm, men no ser det jo ut som ei bok også. Eg veit ikkje om noko anna idrettslag som gir ut slike omfattande årbøker kvart år, men uansett synest eg at dette har vorte ein god tradisjon, seier Flatin.

Hødd-årboka vert trykt i eit opplag på vel 300, og allereie er det selt rundt 200 bøker.

– Einaste året vi auka opplaget var i 2012, då dobla vi det. Og kvar ei bok gjekk unna, dette var jo rett etter cupgullet vårt, fortel NRK-journalisten.

Som ikkje fortvilar altfor mykje sjølv om det vart nedrykk.

Nytt gull

– Historia viser at kvar gong Hødd har rykka ned i 2. divisjon, har klubben nytta nedrykket til å finne nytt «gull» i form av nye spelarar som har slått til. Det skjedde etter 1980-sesongen, det skjedde i 1987-88, og det skjedde etter 2008-sesongen. Og det kan skje no, eg har eit håp om at historia gjentek seg, smiler han.

Årets årbok har for fyrste gong (?) ikkje eit fotball-bilete på framsida. Men eit handball-bilete der landslagskaptein Stine Bredal Oftedal held handa til ei lovande Hødd-jente.

Inga fotballbok

– Dette er inga fotballbok. I Hødd si årbok kjem vi inn på alle idrettane Hødd driv med, og det er meir ei biletbok enn noko anna. Alle Hødd sine lag og alle turngrupper vil du finne bilete av i denne årboka, seier forfattaren.

Som ikkje var heilt einig i at Hans-Erik Eriksen fekk sparken alt tidleg i årets sesong.

– Der meiner eg at leiinga var altfor utolmodige. Dei burde ha gjeve Hansi heile sesongen, det er no mi meining.

Og det neste store prosjektet hans er jubileumsboka i 2019, når Hødd rundar 100 år. Han har sine planer for korleis den skal sjå ut, men sjølve jobben har han førebels ikkje starta på. Berre i sitt eige hovud.

– Visste du at Hødd og Leeds United begge er stifta i 1919?, seier han brått. Då fekk 51-åringen også lurt med sin andre favorittklubb i denne artikkelen.