No er både veteranane i The Pot Beach og «ungdomane» i Armchair Oracles klare med kvart sitt album.

Pot Beach er naturlegvis frå Grytestranda og Søvika. Verre trengde det ikkje vere i syttiåra.

Musikken deira vart likevel vurdert å vere såpass «ukristeleg» at bandet blei kasta ut av forsamlingshuset der dei øvde.

Men då dei framførte sjølvaste stor-hiten sin, «Bloody School», på grendaskulen i 1979, klappa endåtil engelsk-læraren taktfast. For gutane kunne verkeleg sine ting.

Slutt i 1987

Dei laga all den melodiøse popen sjølve, noko som tidleg vart lagt merke til. The Pot Beach spela for det meste lokalt og kosa seg med det.

1987 var det slutt. Yrkesliv til sjøs og på land innhenta karane. Søskenbarna Jan Ove og Hans Magnar Engeseth hadde likevel vondt for å gløyme bandet dei var med i frå starten.

Slik vaks tanken om å dokumentere The Pot Beach sitt heimeavla repertoar fram. Og no er altså resultatet her i form av «A Day like Yesterday».

Det skin gjennom at gutane er særs nøgde med plata.

– Alle drøymde vel om å gje ut ein LP då vi vaks opp? Vi har sans for det handfaste ved ei vinylplate. Ikkje minst eit informativt cover, fortel the Engeseths.

Fleire bidreg

Albumet er elles å finne i alle mulege andre format og kanalar.

– Det kilar litt no framfor sleppefesten, medgjev dei.

På plata har dei selskap og hjelp av fleire. Somme av spora tek Ålesund Strykekvartett del i. Plata framstår som ei luksuriøs openberring.

Opptaka er rett nok dels gjort heime, dels i andre sunnmørske studio som hjå Øyvind Driveklepp og Svein Erik Åmås. Sluttresultatet er hespa saman av Henning Svoren i Ocean Sound Recordings på Giske.

– Dette er flott, melodiøs popmusikk, god for øyret, skyt Atle Skogrand inn.

Frontfiguren i Armchair Oracles har bidrege på mange vis.

Under sleppefesten laurdag skal Pot Beach køyre fem av låtane sine. Bandet består no av Hans Magnar Engeseth, vokal/tangentar, Leif Ståle Søvik, gitar/vokal, Jan Ove Engeseth, bass og Alexander Engeseth, trommer.

Var på skulekonsert

Sistnemnde er son av Jan Ove og dessutan den som har utforma det vakre albumcoveret.

Resten av heilaftenen fell på Armchair Oracles.

I tillegg til Atle Skogrand, finn vi med-gitarist Bjørn Gamlem, bassist Jan Ove Engeseth og trommis Charles Wise der.

– Ni år gamal var eg faktisk til stades på den mykje omtala skulekonserten med Pot Beach. Der og då tapte eg sjela mi til rocken for alltid, fortel Bjørn Gamlem og smiler.

Også han har artig nok hjelpt til på veteranane si plate, sjølv om Armchair Oracles nok er kneppet kvassare i kantane.

Sein sleppfest

– Kall det gjerne powerpop, seier Atle Skogrand. Albumet «In Machina» var ute i november. Men dei fekk ikkje til sleppefest før no.

Bandet har vekt monaleg åtgaum ute sia den flygande starten på festivalar i Liverpool og Los Angeles i 2008.

Debutalbumet «Change Your Skin… Wash Your Heart» hausta talrike lovord av både norske og internasjonale kritikarar.

Kvartetten med base i sona Vatne blir no spelt på radiostasjonar så vide i kring som New York, L.A., Chicago, Rio de Janeiro og Grenoble.

– Snart det mestseljande

Også denne nye utgjevinga finst i vinyl og elles alt anna som kan gje lyd frå seg.

– Vinyl er vel snart det mestseljande fysiske formatet att.

Trass i at «In Machina» er rykande fersk, vart den inkludert på amerikanske Absolute Powerpop si top 100-liste for 2016.

Førstesingelen «Long Time» vart halde fram som eit høgdepunkt på samleplata IPO vol. 19. Også «High-Wire Walkers» har no byrja å leve sitt eige liv over radiobølgjene ute i verda.

Ting tyder på at Ingebrigt Davik-huset er staden å vere når alt dette tek laust laurdag.

Stig Ivan Gjerseth (gitar), Jan Ove Engeseth (bass), Leif Ståle Søvik (vokal), Alf Erik Magnussen (trommer) og Hans Magnar Engeseth (keyboard/vokal). Seinare på året kom også Petter Kåre Grytten (gitar) med i bandet. Foto: Bjørn Halvorsen