Det heiter det frå festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding. Tysdag melder nemleg Malakoff at DJ-en og produsenten - kjent mellom anna for hits som Faded, Sing Me to Sleep og Alone, speler på festivalens andre dag, 21. juli.

- Årets lineup vil begeistre utruleg mange med ulik musikkpreferanse og alder. Vi kan love ein tydeleg rockeprofil i tillegg til eit program krydra med nye og gamle kvalitetsartistar fordelt på mange ulike musikksjangrar, seier Naustdal vidare.

Frå før er Biffy Clyro, Karpe Diem, Turbonegro, Åge Aleksandersen & Sambandet, Frank Carter & The Rattlesnakes, Dubioza Kollektiv, Janove, Dagny, Spidergaws og Kjartan Lauritzan presentert til årets festival, 20. - 22. juli.