Sjå bildeserie over.

Tysdag var det premiere på musikalen som er skriven og regissert av Jan Terje Eidset og inspirert av store hitar frå Motown-miljøet i USA på 60- og 70-talet.

I tillegg har filmen «Dreamgirls» med blant anna Beyonce vore ein bidragsytar inspirasjonsmessig.

Det er musikk- og medielinja ved skulen som sett opp musikal kvart år som ein del av undervisninga.

– Dette har etter kvart blitt eit stort tverrfagleg prosjekt som skulen er svært stolte av å vise fram for regionen vår, heiter det på eigne nettsider.

Over 100 elevar og lærarar var involverte i prosjektet.