Forfattaren frå Ålesund har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Den nye «Z for sorry» er ein sår ungdomsroman som stiller spørsmål ved kva fridom eigentleg er, som utforskar forholdet mellom individ og fellesskap, og korleis det er å vere ung og på leit etter eigen identitet.

– Boka handlar om Susan som flyttar frå bygda til byen for å starte på vidaregåande skule og bu på hybel. Ho ønskjer å frigjere seg frå foreldra og gamle vener, og starte heilt på nytt – verte sjølvstendig. Det går ikkje heilt etter planen, Susan strevar på mange felt med å klare seg sjølv, fortel Kaldhol.

Potensial

Den underliggjande diskusjonen i boka handlar om når ein best får frigjort potensialet sitt. Er det når ein står heilt åleine og gjer som ein vil, eller er det innanfor gjevne rammer?

– Det vanskelege for Susan er å innsjå at det er nødvendig å kommunisere med andre, for å få til å fungere i ein samanheng. Kommunikasjon er vanskeleg for mange unge, eg hugsar meg sjølv som svært lukka i ungdomstida, seier forfattaren.

Ho trur kanskje at ungdom i dag kjenner eit større ytre press, enn det hennar generasjon gjorde då dei var unge.

– I dag gjer bruken av sosiale medium det tydeleg for oss vaksne at mange unge lagar eit bilde av seg sjølv som dei prøver å få både andre og seg sjølv til å tru på. Men denne overgangen mellom ungdom og ung vaksen har nok alltid vore tøff for mange, trur Kaldhol.

Forfattaren synest at fordi sjølvbildet – oppfattinga av kven vi er – blir forma i barne- og ungdomsåra, så er det ein særleg interessant periode å skrive om. Av same grunn meiner ho at ungdom er ei uhyre viktig gruppe å skrive for.

Refleksjon

– Det er viktig fordi så mange ungdomar synest det er vanskeleg å snakke med vaksne om kva dei strevar med. Om dei møter noko dei kjenner seg igjen i i ei bok, så vert det kanskje lettare å setje ord på det dei grublar på. Når ein lever seg inn i livet til nokon som har det litt som ein sjølv, så er det lettare å reflektere over eigen situasjon, meiner Kaldhol.

Den 7. april skal det vere eit arrangement på biblioteket i Ålesund, der elevar Fagerlia vidaregåande skule skal lese frå «Z for sorry».

Z for sorry: Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol. Foto: Samlaget. Foto: Samlaget