– Vi er veldig stolte over denne ærefulle utmerkinga, seier Damian Cruz.

Nyleg fekk skulen melding om at elevprosjektet «Art Nouveau, a journey from Catalonia to Sunnmøre» er klassifisert som «Best practice» i Europa av den EU-støtta Erasmus+-organisasjonen.

Prosjektet vart avslutta i mars 2016 då spanske og norske elevar lanserte nettportalen under ei markering i Jugendstilsenteret.

Til Bonn

Som ledd i utmerkinga er Sykkylven vidaregåande skule invitert til å presentere nettportal-prosjektet under Erasmus+ si internasjonale konferanse, som blir arrangert i Bonn 17. mai i år.

– Denne utmerkinga går ikkje på sjølve resultatet, men gjennomføringa av arbeidet med nettportalen. Når eg presenterer prosjektet kjem eg til å snakke om det gode samarbeidet mellom skulen i Sykkylven, dei spanske elevane, Jugendstilsenteret og Senter for internasjonalisering av utdanning. Det er og blitt lagt merke til at vi har vore opptekne av å informere offentleg om jugendportalen, slik at fleire enn elevar og lærarar får vite om at denne jugendportalen finst, opplyser Damian Cruz som reiser til Bonn som skulen sin representant.