– Vi har fleire i bygda som er ramma av alvorleg kreftsjukdom. På ein liten stad som vår rører dette ved dei fleste, og til grunn ligg eit ønskje om å gje folk i ein tung periode ei fin oppleving. Der dei – på si side, kan kjenne på støtta i bygda, medan dei som har lyst til å gjere noko får moglegheita til det, saman. Håpet er å kunne samle store delar av Solevåg.

Det seier initiativtakar til støttekonserten, Maria Jenset Solevåg.

Ho er nær venn av Kathrin Kobbevik, som du kunne lese om i Sunnmørsposten fredag. Kobbevik har lungekreft med spreiing, men håper immunterapibehandlinga ho får skal gje ho nokre ekstra år å leve.

I samarbeid med FAU

Solevåg fortel at ho begynte å jobbe med programmet og finne sponsorar for to veker sidan.

– Og det ville vi. Også vi har eit ønskje om å hjelpe, og vi er og med på dei tankane som ligg til grunn om samhald, seier FAU leiar Jannicke Darup ved Solevåg skule.

Familiearrangement

Kjem Vinnarane av MGPjr 2016, Vilde og Anna.

Saman legg dei opp til eit familiearrangement, der overskotet skal gå til kreftforsking:

Vinnarane av MGPjr 2017 – Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Nordfjordeid, kjem.

Det same gjer Sigvart Dagsland.

Vidare blir det show med Kenneth Remme – alias Tito Magic.

– Han vart særs glad over å bli spurt, og er ein dyktig fyr vi gjerne ville ha med, seier Solevåg om magikaren.

Kjem Sigvart Dagsland skal etter planen runde av konserten med ein eigen del.

Det blir også eit innslag med elevar på skulen, og så vil ein representant frå kreftforeininga informere.

– Om nokon kjenner at dei har noko dei gjerne vil bidra med, ta kontakt, seier initiativtakaren.