Heile helga held koret Charis frå Stordal på med CD-innspeling i Ørskog kyrkje, og dette blir gjort  på profesjonelt vis.

Stordalingen Odd Johan Overøye, som til vanleg arbeider med komposisjon på  NTNU, har arrangert julesongar, Møremusikarane er med, og Ingrid Hanken er engasjert som både instruktør og produsent.

Få oversikt: Sjekk «Det skjer»-kalendaren her

Produksjonen er kalla «Ein av oss» og består for det meste av religiøse folketonar. Songane kjem frå både Stordal, Sykkylven og Skodje lokalt, men har også spennvidde til mellom anna Irland, Sverige Tyskalnd, Midtausten og Sør-Afrika.

Frå tidleg til seint

Dette inneber at jentene også får prøve seg på mange språk.

– Det er jo heilt klart utfordrande, men også veldig lærerrikt. I helga held vi på frå tidleg til seint, men samstundes følar vi oss utruleg heldige som får sjansen til å vere med på eit så profesjonelt prosjekt. Det er stort for oss å få vere med på noko slikt, og ikkje minst veldig inspirerande, seier jentene som på mange måtar ser produskjonen som ei avslutning.

(saka held fram under)

Les fleire kultursaker her

– Vi begynner å bli nokså gamle, og mange av oss skal vidare til studiar til hausten, så då blir det nok vanskelig å halde koret samla. No avsluttar vi fint. Det siste vi gjer, blir det beste vi gjer, seier dei under innspelinga på laurdag.

Unikt på fleire måtar

Ingrid Hanken har 20-års erfaring frå ensemblet Nordic Voices, og har også ein elles imponerande CV - både nasjonalt og internasjonalt.

– Noko som gjer dette unikt er jo at dette koret består av jenter som starta i Stordal Barnekor då dei var tre år, og ingen av dei er profesjonelle songarar. Likevel har dei no fått profesjonelle til å arrangere songane, og arbeider med profesjonelle musikarar.  Det er flott at Sparebanken Møre og lokale sponsorar støttar opp så ungdommane kan få oppleve dette, seier Ragnhild Fauske, som leiar koret.

– Det er jo eit unikt prosjekt, og eg trur det blir ei fantastisk fin plate. Kombinasjonen av julesongar ein kjenn igjen og nye arrangementer og folketonar er veldig fin, seier Hanken sjølv.