– Vi har seld ein tredjedel av todagarspassa og nesten halvparten av tredagarspassa. Dette er milevis over det vi har lege på før, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Fjordabladet.

– Vi har alltid blitt utseld, men i år ser vi at vi har seld uvanleg mange billettar på førehand, seier Naustdal til smp.no.

Utvidar til tre dagar

I år utvidar Malakoff frå to til tre dagar. I fjor hadde dei innandørs klubbkonsert torsdag for eit par hundre. No tar dei steget fullt ut og utvidar festivalen til tre dagar inne på sjølve festivalområdet.

– Eid er ein liten plass. At her er 10.000 personar ein dag ekstra vil alle på Eid merke, mest positivt sjølvsagt, seier Naustdal til smp.no.

For få dagar sidan sleppte festivalen nyheita om at det svenske hardcore-punkbandet Refused kjem. Deira album «The shape of punk to come» har ifølgje svt.se blitt ein milepel i musikkhistoria.

Andre artistar som kjem er Karpe Diem, Turbonegro, Alan Walker og Converge.