– Kva er nåde? Og kor mykje bryr 14-åringar seg om nåde? Kva vil det seie å ta imot ei gratis gåve? Det er slike spørsmål og fleire til vi har fordjupa oss i under arbeidet med denne framsyninga. Nåde er vanskeleg å forstå, men vi prøver å kommunisere kva som ligg i omgrepet.

Skodespelar Inger Bakke tek ein pause frå replikkane i scenekunstprosjektet «Korfor er det så mørkt her?».

I samband med 500-årsjubileet for reformasjonen har den norske kyrkja i prosjektet «Forestillinger om nåde» gitt ulike kunstnarar i oppdrag å fordjupe seg i tematikken «Nåden er gratis. Mennesket er ikkje til sals».

Saman med forfattar Marit Kaldhol, skodespelar Viggo Solum, scenograf og kostymemakar Solveig Fagermo, komponist Stian Omenås og regissør Karstein Sollie har Bakke jobba fram det som er blitt både scenekunst og trusopplæring, og som skal brukast til workshops for tenåringar og opne for samtalar om liv og tru.

Framføring

I dag skal Inger Bakke og Viggo Solum framføre stykket på eit møte i Molde, der alle som driv trusopplæring i Møre bispedøme er samla. Til hausten blir framsyninga tilbydd alle meinigheitene i bispedømet til bruk i det konfirmasjonsførebuande arbeidet.

– Vår oppgåve er ikkje å gi dei unge svar på kva nåde er, men å opne for refleksjon kring temaet nåde, og at det å bli sett av andre er ei gåve i livet, fortel skodespelarane.

– Det er mange svar på kva nåde er, skyt regissøren inn.

– I staden for å kome med noko klart bodskap, ynskjer vi å gi ungdommane ei oppleving i kyrkjerommet som opnar for refleksjon, seier Karstein Sollie.

På leiter etter nåden

I si framstilling om nåde har dei seks kunstnarane tatt utgangspunkt i historia om reformasjonens far, Martin Luther, som i periodar sleit med depresjon, sperra seg inne og nekta å kome ut i lyset. Kona hans, Katharina, gjorde kva ho kunne for å snu tungsinnet hans, og bygde vegger av glas slik at lyset skulle nå han, men Luther ville ikkje ha hjelp.

Tekstforfattar Marit Kaldhol og dei andre ser dette som ein parallell til kva det vil seie å ta imot nåden. Slik dei tolkar det må Luther ta imot lyset som blir gitt han for å forstå nåden.

– I vår framsyning møter publikum kvinna Mo, som leitar etter si 14 år gamle dotter Aurora som har stukke av. Skorne og t-skjorta hennar er det einaste ho har att etter henne som ho så gjerne skulle ha fortalt kor glad ho er i, fortel Inger Bakke som spelar rolla som Mo.

Ulike livshistorier

På si leiterunde treff Mo ein gjeng ungdommar og mannen Bo, som ikkje vil ha noko å gjere med nokon.

– Mo brukar kyrkja som pauserommet sitt, og der inne finn ho Bo, som ho tvingar til å snakke. Slik finn han tilbake til livslyset sitt, fortel Inger Bakke og peikar på parallellen til historia om Luther.

Gjennom dialog, song, musikk og rørsle blir ulike livshistorier fortalt.

– Bo stilte ikkje opp for foreldra sine, og no er dei borte. Det er den triste historia han ber på, fortel Viggo Solum som spelar den rolla.

– Og Mo gi Aurora alt, men ho berre går. Dottera er mest oppteken av mobilen sin. Kva vil det seie å sjå og ha omtanke for kvarandre? Det er refleksjon kring slike spørsmål vi håper framsyninga vår fører til, skyt Inger Bakke inn.

– Men vi veit ikkje om stykket vil fungere slik vi håper. Det får vi ikkje vite før vi spelar det for 14-åringar, legg Solum til.

Det skjer til hausten.

Desse har i fellesskap jobba fram framsyninga: Karsten Sollie, Viggo Solum, Inger Bakke og Solveig Fagermo under øving i Spjelkavik kyrkje. Marit Kaldhol som har skrive teksten var ikkje til stades. Foto: Staale Wattø Foto: Staale Wattø