Kveik er det urgamle, lokale norske ølgjæret.

– Det siste året er det blitt brygga mykje øl rundt om i verda, basert på kveik frå Norge. Eg veit at det har skjedd i USA, Canada, Russland, og Polen, seier Lars Marius Garshol.

Han har skrive boka «Gårdsøl – Det norske ølet» på Cappelen Damm. Her tek Garshol oss med til ølbrygging i Stranda, Hornindal, Kaupanger, Voss, Morgedal, Stjørdal og Oppdal.

Stor lokal interesse: Kåra Sunnmøres beste hjemmebryggede øl

I Stranda besøkte han ølbryggar Stein Langlo, medan Hornindalsølet fekk han lære meir om av Terje Raftevold.

– Eg har på desse turane samla inn mykje lokal kveik, mellom anna gjorde eg det under ølbryggarfestivalen i Hornindal i fjor haust.

– Då sende eg prøver av kveiken til gjærlaboratorium både i USA, Storbritannia og NTNU i Trondheim, seier Lars Marius Garshol.

Populært

Men også tidlegare har han hjelpt bryggarar i utlandet med å skaffe seg kveik frå Norge. Etterspurnaden er nemleg blitt stadig større.

– Kvifor er han det?

Øl Russisk øl brygga på norsk kveik.

– Fordi ein då får eit øl som har ein annan smak enn frå tradisjonell ølgjær. I Polen er dei blitt heilt ville etter norsk kveik til ølet sitt. I tillegg til smaken arbeider den norske kveiken mykje raskare enn vanleg ølgjær, forklarer Garshol.

Han fortel at på denne måten har øl med kveik frå Sunnmøre og Nordfjord, saman med kveik frå andre ølbygder i Norge som til dømes Voss og Ål, fått leska ganane til øldrikkarar over heile verda.

Eit døme på dette er ølet «Sigmund's Kveik», som vert brygga i Russlands hovudstad Moskva. Det har kveik frå Voss.

Vann NM i Kornøl i Hornindal: – Eg brygger heilt på gamlemåten, heilt tradisjonelt med pinne, sil og rust

Andre genar

– Men kva er eigentleg kveik?

– Det er ølgjær, men ulikt det som blir seld i butikken, fordi det har andre genar. Dette er privat gjær som har vore nytta i generasjonar. Det blir som puddel og schæfer. Begge to er hundar, men heilt ulike.

– Så då er kveiken schæferen?

– Ja, ler Lars Marius Garshol.

– Det er mykje kveiken frå Voss som er brukt. I Stavanger har Lervig Bryggeri sin Lawless brukt Stranda-kveiken. Ølet frå Ego i Fredrikstad og Eik & Tid i Oslo har kveik frå Hornindal.