– Det tok tid å innsjå at forandringa eg trengde kunne skje innanfor «Vaffelhjarte»-universet.

Maria Parr (36) si tredje bok, «Keeperen og havet», kjem i august. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Parr si debutbok «Vaffelhjarte» frå 2005.

– Eg har alltid sagt at eg ikkje skal skrive nokon toar, ein oppfølgjar. Eg har streta imot. Men så oppdaga eg at endringa eg trengde kunne skje innanfor det universet eg allereie hadde laga, fortel forfattaren.

Parr seier at det var utruleg godt å finne tilbake til hovudpersonane Trille, Lena og farfar. I den nye boka er dei to år eldre enn sist, og det er duka for mykje drama og sterke kjensler når dei tre går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene.

Stor suksess

Det er 12 år sidan «Vaffelhjarte» kom, og åtte år sidan Maria Parr gav ut «Tonje Glimmerdal». Forfattaren frå Vanylven har opplevd eventyrleg suksess med bøkene sine. «Vaffelhjarte» er selt til 28 land og «Tonje Glimmerdal» til 20 land. Sistnemnde kjem ut i England og USA i november i år med tittelen «Astrid the unstoppable». Begge bøkene har vore på teaterscena og NRK har laga TV-serie av «Vaffelhjarte»

– Eg har ikkje kjent noko press med tanke på å gi ut ny bok anna enn frå meg sjølv. Til tider har det vore frustrerande at ting har stått litt stille, men eg synest eg har skrive for lite til å kunne vite om det kan kallast skrivesperre. Det er viktig for meg å vente med å skrive til eg har noko å kome med, forklarer Parr.

Det at «Vaffelhjarte» har vakse ut av den opphavlege forma si og blitt TV-serie og teaterstykke, har vore vitaliserande for Parr.

– Det har vore umogleg å ikkje la seg inspirere av dette, seier ho.

Fint og trist

Etter at Maria Parr gav ut bok nummer to i 2009 har ho gifta seg, fått to barn og flytta heim til Vanylven. Det har vore mykje å styre med på privaten, men forfattaren har likevel skrive heile tida.

– Sjølv om det ikkje har blitt noko av alt eg har jobba med, så har det vore ein nødvendig prosess. Og no er det både godt og artig å endeleg kunne snakke høgt om «Keeperen og havet», boka har vorte slik eg ville ho skulle bli. Greia med å skrive er at når du er ferdig med ei bok, så eig du henne ikkje lenger. Det er både fint og litt trist synest Maria Parr.