Og det er ikkje kvardagsbesøk bonden har fått til gards: Fleire store køyretøy fylt med utstyr, eit titals filmfolk og ein handfull  skodespelarar har innteke den vesle bygda i Ulstein.

«Bur» i gardshuset

I serien er det gamle våningshuset på garden heimen til skodespelaren Axel Bøyum. Saman med ein av hovudpersonane, Ane Dahl Torp, var Bøyen mellom dei som var på settet onsdag.

Filmskaparane ønska å ha pressa på eit armlengdes avstand den første opptaksdagen, men produsent Vilje Katrine Hagen i Motlys fortel gjerne om kva dei driv på med.

– Bøyum spelar ein ung fotballspelar som har vendt heim etter å ha spelt på Ajax. Han har fått ein psykisk knekk og bestemt seg for at han aldri skal spele fotball igjen, fortel ho.

(saka held fram under)

Kvinneleg fotballtrenar

Korleis det går, kan vi berre gjette oss til. Resultatet kjem på tv frå mars neste år, men Ane Dahl Torp spelar altså den første kvinnelege trenaren for eit eliteserielag. Og ho sett seg høge mål med det fiktive fotballaget Varg.

Også den tidlegare fotballsstjerna John Carew, speler ei sentral rolle i serien saman med mellom anna Bjarte Hjelmeland, men ingen av desse var onsdag på settet.

Produsenten fortel at dei skal filme på Sunnmøre i om lag fire veker framover. Etter planen blir det ei ny innspelingsrunde til hausten for å få alt på plass alt dei treng til dei ti episodane.

– Vil kjenne seg att

Onsdag var planen å halde på til seine natta, og truleg blir det ikkje filma stort meir på Flø. Men andre stader i lokalmiljøet får besøk av filmteamet dei neste vekene. Torp sin karakter i serien skal bu i nærleiken av Kleven-verftet på Dimna, medan Carew-karakteren skal bu i Ulsteinvik.

Og ikkje minst skal Høddvoll stadion vere heimebane for fotballaget Varg.

– Folk vil definitiv kjenne seg att i områda vi filmar. Sjølv om fotballaget vårt er fiktivt, så er ikkje byen det – og staden heiter Ulsteinvik i serien, påpeiker produsent Hagen.

(saka held fram under)

Rekordstort budsjett

NRK Drama og Motlys står bak «Hjemmebane» som har eit budsjett på heile 70 millionar kroner – noko som er heilt i toppsjiktet når det gjeld størrelse for norsk tv-drama.

Til samanlikning opererte NRK-serien Valkyrien som nyleg gjekk på tv, med eit budsjett på 60 millionar.

Serieskapar og hovudforfattar er Johan Fasting og regissør er Arild Andresen. Christian Owe, Erlend Loe, Linn-Jeanethe Kyed har ansvaret for manus til kvar si episode av tv-dramaet.

Les også:

Sjekk kva for lokale folk som spelar i tv-serien (krever abonnement)