Og i dag vart 6. og 7. klasse kåra til vinnarar, medan 3. og 4. trinnet òg kom til finalen.

– Elevane har storkost seg, det trur eg. Det har vore veldig stort å kome til Oslo og få spele saman med Kringkastingsorketeret (Kork) og møte Margrethe ifrå Nrk Super. Opplegget og dagen har vore kjempebra, seier Marianne Hafsaas, kulturskulelærar ved Stranda Kulturskule.

Vinnargryuppa fekk ein drøymetur til Oslo, mellom anna med ein opptreden saman med Kork, to netter på hotell og festmiddag.

Samhald

Veslefrikkprisen er ein komposisjonspris, og sidan januar har elevane arbeidd med å skape musikk.

– Eg meiner musikk er viktig, det å ha skaperlyst og skape noko saman. Det er det vi har gjort, og det er noko av det kjekkaste er at vi har gjort det saman. Prisen har vore målet, og det gir ei anna ramme rundt det enn å kun lage musikk for oss sjølve, seier Hafsaas.

All komponeringa og skapinga har blitt gjort i musikktimane, men dei fekk litt ekstra tid til å øve før dei reiste til Oslo.