Fleire lokale skodespelarar blir å sjå på skjermane når tv-serien startar i mars neste år. Men det er framleis muleg for andre å bli med på innspelinga ved å melde seg inn i Facebook-gruppa «Statister i Ulsteinvik».

Spelar inn statistscene

Veret med snø og hagl har skapt nokre utfordringar i starten av filminga, men etter planen skal mellom anna den første store statistscena spelast inn denne veka.

I samband med denne scena er filmfolka i første rekke på jakt etter ungdom eller unge vaksne – helst over 18 år. Dei treng også fleire «rånebilar» til scena for å lyse opp fotballbana der innspelinga skal skje. Dei som er interessert må melde frå til produksjonsteamet via Facebook-gruppa, eller e-post.

(saka held fram under)

Rekordstort budsjett

Det er NRK Drama og filmselskapet Motlys som står bak satsinga som er mellom dei største nokon sinne når det kjem til budsjett i norsk samanheng. Heile 70 millionar kroner skal nyttast til å spele inn tv-serien om den første kvinnelege trenaren i eliteserien.

Dei første scenene med mellom anne Ane Dahl Torp og Axel Bøyum blei spelt inn i Ulstein-bygda Flø onsdag førre veke. Og dei neste vekene blir det filming fleire stader i lokalmiljøet – ikkje minst på Høddvoll i Ulsteinvik.