Festivalen, som starta på ei plen på Brøvøll i 2007, er blitt ein samlingsstad der standupkomikarar frå heile landet nærast står i kø for å delta.

I år er det mellom andre Jon Niklas Rønning, Stian Blipp, Cecilie Steinmann Neess og Terje Sporsem som står på plakaten.

Festivalen, som går over dagane 23. og 24. juni, har også eit familiedag der buktalar og magikar Erik Mogeno opptrer.

Lokale band brukar også å få plass på scena. I år skal mellom andre Jippi Tornado i aksjon.

For å markere tiårsjubileet kjem dei også med eit tilbod til dei som må halde seg på sjukeheimen: nemleg ein konsert på heimen med Sputnik.