Glimrande skodespel og gode sangprestasjoner. Nesten to timar med fullt køyr, raske og elegante sceneskift. Førti ungdomar spelte, sang og dansa oss gjennom ei spanande eventyrverd. Så realistisk at vi kunne høyre ein ung gut i salen kviskre: Pappa no er det skummelt.

UL Fram

Eit ungdomslag på ei øy – Flemsøy/Skuløy – har utmerka seg på Møre med skodespel og musikalar i topp klasse.  Eit ungdomslag som i samsvar med folketalet i bygda, vanskeleg skulle vere liv laga. Men dei er i live og vel så det.

Skodespel med vaksne, ungdom og born. Særleg har born og ungdom stilt i kø for å få vere med i born- og ungdomsoppsetjingane. Og alle får vere med. I år var dei 40. Flest frå Flemsøy/Skuløy og Haramsøy. Det var til og med to frå Ålesund.

Skjønnheten og udyret i jonsokkvelden

Ungdomane på Rogne har i dei siste åra hatt hovudprogrammet i jonsokfeiringa på Rogne, der det er brudepar, rømmegraut,  pølser, diskotek og skodespel. Skodespelet har etter kvart teke stor plass og dreg fulle hus.

Den animerte Walt Disney musikalen frå 1991 er godt kjent blant dei unge, og vert  rekna som ein av dei beste Disney musikalane. Ikkje amerikansk opphav, men basert på eit fransk eventyr ”La Belle et la Bête”, som vart filmatisert i 1946. No suksess med UL Rogne si ungdomsgruppe.

Gode prestasjonar

Mykje sang og mange gode stemmer.  Emilie Ulla Otterlei som spelte Skønnheten hadde fleire solistinnslag og fekk velfortent applaus.  Også Anna Høistad Bergheim (Mrs. Potts) hadde ei nydeleg stemme. Men vi kunne lett nemnt ei drøss fleire kjempegode stemmer.

Ungdomane levde seg godt inn i rollene, ja det såg ut til at dei kosa seg på scena.

Alle hovudrollene var godt tolka, likevel får Syver Flem som tolka Lefou ei ekstra stjerne. Både mimikk, spel og sang  satt som eit skudd. Terningkast seks. Albertine Flem Rogne (Lumiére) og Martine Gunnarstein Austnes (Cogsworth) var gledespredarar i sine roller.

Scene og kostymer

Elegante sceneskift på ei trang, men funksjonell scene. Nøye planlegging må til for å få kabalen til å gå opp med så mange aktørar. Knirkefri endring av scenebildet som skodespelarane sjølv ordna. Scenografi og scene ved Linda Nogva Vedeld og Jon Nogva.

Må også nemne kostymer. Ikkje berre 40 kostymer, nokre av ungdomane hadde fleire roller. Og mange av dei 75 kostymene har tatt lang tid å lage. Eldsjel Linda Nogva Vedeld var kostymesjef, og eit stort sykorps hadde óg vore i sving.

To eldskjeler til: Marion Høistad Bergheim med musikk og lyd og Reidunn Rogne Flem, som saman med Vedeld var instuktørar/koreograf