I desse dagar er det eit triveleg gjensyn for mange av dei involverte i Herøyspelet. Etter å ha venta eit år, er dei no klar for nok ein runde med framsyningar.

– Når eg kjem over brua til Herøy, så berre senkar roa seg, eg kjenner det langt inn i sjela, seier Ann Margreth Slåttelid, som spelar Ravna, den eldste Herøykvinna. Og gjennom ti år i rolla følgjer også tilhøyrsle med.

– Vi blir som ein einaste stor familie. Det er berre så kjekt, seier ho.

– Det er kjekt å få vere litt gal av og til, ler dei to i ei pause under den første øvingsdagen.

Så kjekt at alle må få oppleve det

I tillegg til hundre medhjelparar er det 200 aktørar som skal i sving på scena. Desse er no i full gang med å gå gjennom dei fyrste scenene. Mykje folk skal plasserast, og noko skal dei huske frå i fjor. Noko må dei berre gløyme, for det skal skapast nye bilde og nye scener.

200 aktørar skal i sving på scena og det er mykje som skal øvast inn i ei hektisk øveveke frå søndag til generalprøva fredag.

Blant dei mange involverte finn ein også fire kameratar; ein herøyværing og tre hareidsdølar. Elias Warholm har vore med i mange år. I fjor fekk han med kompisane Gaute Wiik og Tommy Wiik frå Hareid.

– Eg meinte dei måtte vere med, for dette er så kjekt at det må alle få oppleve, seier Elias.

Gaute og Tommy vart med i fjor, og i år har dei altså fått med naboen Ole Martin Øyehol.

– Det var veldig kjekt, så han også måtte få det med seg. Det er ein fin sommarhobby, sommarleir, smiler dei.

– Det opnar for at trollkjerringa kan ha lokka med seg ein ung og litt truskyldig fyr og det vil gi rollene ein ny dimensjon og ny dynamikk.

Vikingmusikal

Herøyspelet «Kongens Ring» handlar om hovdingdottera Unn som er forlova med den både mora, familien og samfunnet meiner ho bør gifte seg

Gerd Leikanger som Gråla.

med. Men ei vårnatt stikk ho av med opprøraren og rebellen Møre-Karl. I kampen mellom det etablerte Herøy-samfunnet og desse opprørarane der hemn er viktig, kjem kong Olav Haraldsson med sitt prat om ny tru og tilgiving. Stemningane vert forsterka av mykje musikk i det som blir kalla verdas vakraste vikingmusikal. Både kor og stort orkester er med på å gjere spelet levande.

Før og etter framsyningane er det folkeliv, matsal og aktivitetar på tunet på Herøy kystmuseum. Barna kan få prøve seg på sverdleik og prøve hjelmar og brynjer, og folk kan også ro seg ein tur med ein færing frå museet.

Ann Margreth Slåttelid og Gerd Leikanger er galne kjerringar i spelet.  – Det er berre kjekt å få vere litt gal av og til, seier dei.