Mørenytt – Oi, oi, oi. Dette er sterkt. Festspeldiktar Lars Mæhle vart rørt til tårer då kulturskuleelvar frå Søre Sunnmøre song dei nye barnesongane han har skrive tekst til.

Det vert ei heilt spesiell stund i  Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag kveld. Det var kan hende ei av dei finaste stundene som har vore under årets festspel.

«Tonen i kvardagen» var namnet på familiekonserten. Det vart kulturskuleelvane sin kveld. Eller som programleiar Maria Parr sa det: «Dette er ein kulturskulefest».

Mæhle sin kveld

– Dette vart utruleg arrtig. Eg er nesten mållaus. Det er utruleg rørande. Solistane er svært dyktige. Dette vart ein gedigen opptur, seier Mæhle til Møre-Nytt.

Etter konserten stod gratulantane i kø, både for å gratulere Mæhle og for å gratulere solistane.

Solistane

Dei var Tira Mathilde Hole Grimstad, Hareid; Christine Grace Moltu, Herøy; Andrine Strandbø og Marikken Knotten, Sande; Madelen Rimstad, Vanylven; Ilja Elisabeth Bech, Volda; Dagny Sofie Giljarhus Linge, Ulstein og Linnea Masdal, Ørsta.

Alle solistane framførte ein song av Mæhle(Lech, i tillegg til at dei song kvar sin nynorske barnesong. Det var alt i frå Per Sivle til Odd Nordstoga.

Maria Parr

Maria Parr var altså programleiar, og ho la vekt på at songskatten vi har, er viktig, og at nye barnesongar kjem til.

Melodiane til Mæhle sin tekster var pop-orienterte, og mange av dei hadde høgt tempo. Dei fekk publikum til å vere med.

Dei nye songane skal spelast inn med dei solistane som vfar i aksjon, og det vert etter kvart lagde ut på Aasen-tunet si digitale songbok.

Denne saka blei først publisert i Møre-Nytt