I kveld klokka 20:15 sender NRK 1 ein norsk konsertfilm med Vassendgutane. Filmen er av jubileumskonserten på Seljord den 30. juli 2016. Den trakk over 10.000 gjestar, og var ein kveld med godt humør, allsong og topp stemning i følge Aam.

- Det var ei magisk stemning- allsong og cowboyhattar over ein låg sko, fortel Aam som håpar det norske folk er klar for sunnmørsdialekt i ein time.

Audmjuke

- Vi er ganske stolte og audmjuke for at NRK vil sende ein slik film. Mitt inntrykk er at det ikkje blir sendt så mange slike konsertfilmar på fjernsyn, så vi tullingane i bandet er nokså nøgde med det, seier Aam.

Filmen er laga av Arild Pettersen frå Ålesund.