Med Ulla Fyr og ope hav som kulissar i bakgrunnen, hadde Havgaprock sin andre festival. Eldsjelene Preben Austnes Lorgen, Per Olav Longvanes Sunde, Bjørnar Levi Flem og Vegard Halkjelsvik satsa igjen på rockemusikk i havkanten – og lukkast saman med mange gode hjelparar.

Rock

Folk seig jamt på utover kvelden, til ein festival som strekte seg frå klokka fem på ettermiddagen til halv to på natta. Flott festivalvêr og null knott. Stor stemning allereie med første lokale band, Lars Ole Godø & The Crew. Josah, leiken trio frå Molde lokka publikum til seg og fekk danseinnslag frå publikum. Armchair Oracles auka trykket i konserten. Ein lokal aktør, Lisa Uhlen, med elektropop imponerte. Ho kom direkte frå Oslo, nådde konserten så vidt

– Heldigvis, for det er så veldig gøy å vere her, sa ho. Flott opplegg.

The Knut deltok på Havgaprock også i fjor. Fengande rock som samla publikum nærare scena i eit forrykande show.

Nest siste bandet var Drusar frå Jølster med god folkerock og norske tekstar. Ekstra trykk rundt scena. Dei har spelt i lag i 11 år og ha deltatt på mange festivalar rundt om i landet. Veldig fornøgd med ein ryddig og forseggjord rockefestival på Ulla. Beste konserten dei hadde vore på.

Til sist, Kjartan Lauritzen, rappar (Per Áki Sigurdsson Kvikne) med energisk sceneshow. På veg opp i Norge. Godt kjend av den yngre garde. Ein verdig avsluttar på Havgaprock.

Fornøgd

Festivalgeneral Preben Austnes Lorgen er veldig fornøgd med ein vellukka festival.

– Alt har fungert. Stor stemning hos publikum og band. Over 500 kunne kose seg med Transport med buss og skyssbåt til fastlandet på natta sørga for alle heim, seier han.

Lorgen seier at erfaringa frå i fjor var til god hjelp, men det er mykje å lære enno.

Forutan ei kjerne på 15 personar som jobba jamt, var det inklusive vakter og mannskap elles, cirka 70 personar i arbeid. I år fekk dei sponsormidlar frå lokale firma som gjorde at dei kunne satse litt ekstra.