– Sjølv om vi ikkje har tenkt så mykje på gullplata, er det likevel uverkeleg å tenke på at låtane ein har skrive heime på guterommet i Ørsta no har blitt allemannseige, og noko som folk syng med på. Det er jo noko alle drøymer om, seier vokalist Bjørn-Marius Øyehaug til Sunnmørsposten.

Bandet får gullplata for singelen «Byjenta», som handlar om ei jente som flytta til bygda og som fall pladask for ein av gutane der.

Kometstart

Bandet har hatt ein kometstart på karrieren, fekk nettopp gullplata og er fullbooka ut året. Trass ein hektisk kvardag prega av turnéliv er Bjørn-Marius likevel sikker på at bandet klarer å fullføre innspelinga av det nye albumet som etter planen skal givast ut over nyttår.

– Med så mykje reising og speling som no, må vi berre ta litt når vi kan for å kome i mål, seier vokalisten med ei fortid som trommeslagar i Vassendgutane.

Høgdepunkt overalt

Bjørn-Marius fortel til Sunnmørsposten at høgdepunkta har stått i kø for det to år gamle bandet. Å få drive med det ein likar aller best er ein draum i seg sjølv, meiner han.

– Det å i tillegg høyre folk i nord og sør synge med på låtane, at dei kan tekstane og at dei strålar mot deg er berre uverkeleg, forklarar vokalisten, som seier at han i dag lever ut draumen.

Tidlegare Vassendgut

Som 19-åring vart Bjørn-Marius i 2008 trommeslagar i ikkje ukjende Vassendgutane, og levde turnelivet med dei fram til 2013. Han kjende raskt at noko manglar etter å ha forlate bandet.

– Noko mangla og eg var i grunnen fast bestemt på at eg skulle gjer det igjen, eg skulle stå på scena på ny, kanskje med eigne låtar. I dag kan vi slå fast at draumen har blitt sann, seier fortel han.

Takknemlege

Bjørn-Marius og bandet er i dag glade og takknemlege for at dei får reise rundt å spele musikk.

– Vi ønsker å takke alle partnarar, både i plateselskapet, managementet, produsentar og sjølvsagt dei som kjem for å sjå på oss. Og ikkje minst må vi takke Sverre Walderhaug i Lydkjelleren AS for gode råd, rettleiing og for å ha tru på oss, avsluttar vokalisten.

Populært band: Ørsta-bandet Rotlaus er populære om dagen og er fullbooka ut året. I september kjem dei tilbake til Ålesund for å spele på Terminalen. foto: Morten Hjertø Foto: Morten Hjertø