Eg har sett D’Sound ein del gonger opp gjennom åra, men likevel blir eg like positivt overraska kvar gong kor bra dei er live.

Terje Rypdal er aldri kjedelig

Bandet har eksistert i nesten 25 år, dei har hatt ein enorm suksess, både i Norge og i Sørøst-Asia. (Filippinske vener av meg er i misunneleg ekstase når dei høyrer eg skal på D’Sound.)

Trioen, som var duo nokre år, Kim Ofstad, Simone Eriksrud og Molde-mannen Jonny Sjo er alle solide musikarar. Alle med gode karrierar som studio- og sessionmannskap.

Ein del vil nok allereie her rynke litt på nasen. Vil ikkje dette bety at vi får klinisk flinkis-musikk? Sterilt og kjedeleg? Musikarar har ein tendens til å like den slags.

Og jo, det skal ikkje stikkast under ein stol at D’Sound til tider blir litt teknisk sterile, og at det av og til kan verte litt monotont.

Men det er her D’Sound har ei gåve. Og det er Simone Eriksrud. I tillegg til å vere ein vokalist av framifrå merke er ho eit funn på scena. Smilande, kokett og sprudlande er det umogleg å ikkje la seg rive med når ho ropar: «E dokke glade, jente og guta?»

Ytre Suløens på telttur i Molde

D’Sound på plate og konsert er to veldig ulike ting. Fleire av låtane er omarrangert, og med blåsarrekke blir det til tider både Prince og Earth, Wind and Fire over det heile.

Eg må nok diverre uttrykkje skuffelse over at min personlege favoritt, «Smooth Escape,» var nesten umogleg å kjenne att, og hadde på langt nær det drivet eg hadde von om.

Sjangermessig har D’Sound utan tvil ein fot innanfor jazz, ikkje minst med tanke på improviseringa som både dei sjølve, den innleigde gitaristen Bernt Rune Stray og keyboardist og blåsarrekke gjer. Men det er også soul, små element av disko og til og med litt jungle her.

Jonny Sjo er på heimebane, og blir tatt i mot med opne armar, men bandet kviler ikkje på sine laurbær. Dei jobbar hardt, og Simone gir seg ikkje før ho får det svaret ho ynskjer frå publikum.

Det heile endar med eit forrykande instrumentalshow i form av storhiten «Down on the Street,» og no blir det til og med liv i det publikummet som har skravla i bakgrunnen heile kvelden.

Godt jobba, D’Sound!

Sunnmøres egen Björk